Ikkje på Voss - ei soge

Nåli i flammar

Nåli aust © Ivar Vatne 1997Nåli heiter ei klippe og her skal det forteljast kvar ho ligg. Du ser henne etter å ha kjøyrd heile Evangervatnet i retning frå Voss mot Bergen, og du trur kanskje at her har du forklaringa på namnet hennar, men det er feil, for Nåli er namnet på ei li, og ikkje ei nål. Du kjøyrer i alle høve nøgd vidare medan du kastar forte blikk over skulderen der vogntoga rasar imot deg gjennom dei lange svingane mot Bolstadøyri under veggen som heiter Drivo og ligg på feil side av elva og er råten og høyrer til Bergensflaket og berre kan klatrast når han er limd saman av is om vinteren. Du ser deg tilbake, og oppfattar i korte glimt at Nåli er ein langstrakt ås med ein sørvend vegg, og at veggen er vid, han er høg, og han er bratt.

Eller. Du kjøyrer brått ned av hovudvegen på ein liten platform over vatnet rett etter tunnellen ved Vassenden og skrensar ned langs ein bit jernbane og ser at her startar det som ein gong var ei lakseelv. Midt på brua over elva ser du eit berg rett i mot. Du tenker at her må det vera klatring, og det er det, men nå skal du opp i Nåli. Vegen er enkel, for han er ny og til bruk for store tømmerbilar som skal opp forbi Horvei, og det skal du óg.

Og denne grusvegen tek du, så sant han ikkje er teken av flaumen, og vidare på asfalt opp den lange svingen til Horvei der Nåli brettar seg ut for deg, du rundar ein bakke med et stort hus i dragestil på toppen og ser etter skilt som viser til Bjørgo og Geilane hyttefelt, du kjøyrer til høgre inn på ein grusveg forbi dragestilhuset og rundar ein gard og ei klynge med hus, du stansar ved eit bompengeskåp og går ut og betaler. Du kjøyrer vidare opp gjennom svingen under eit hus, og endå ein sving, og to nye hus og ei ferist, så stansar du i den skarpe svingen der det står eit tømmerbord og balanserer mot avgrunnen. Her går du ut og prøver å sjå skrifta på veggen.

Og du ser henne, med litt godvilje, høgt oppe i veggen.

I LUE, står det, kvitt på svart.

Det er ingen som veit korleis det skal gå til, men dei gamle brukte å seia at ein dag skal Nåli stå i flammar.

Her skal det forteljast om nokre brør og venene hans.

Dei nye etternamna

Nokre brør og venene hans stifta Voss Klatreklubb, i Førde, og dei klatra alle stader, men ikkje på Voss.

- Bergensflaket, sa geologane.

- Råtafjedl, sa vossingane, og fortalde at dei alltid hadde plukka det ned med fingrane og strødd det ut over markene for å få snøen til å gå vekk om våren.

Då bygde brørne og venene hans ei innandørs klippe på Voss jordbruksskule og Voss Klatreklubb fekk medlemmer med andre etternamn, og dei fann ein stor stein dei kunne klatra på, ute, på Voss, og dei bora boltar i han før dei som hadde freda han kom på at han var freda.

Slik heldt dei fram ei god stund, for det meste i Sogn.

Eit morosamt namn i ein song

Vossingane trudde ikkje på Bolstadøyri. Bolstadøyri var berre eit morosamt namn i ein song.

Då bygde sogningane stamvegen mellom Oslo og Bergen, rett gjennom Hordaland, og Bolstadøyri fantest.

Ei ny tid

Slik var det med brørne og venene hans óg. Nå visste dei at Bolstadøyri fantest, og dei kunne tru på Evanger med, for der låg Hernes, og det var ikkje ministeren.

Då heldt dei kurs, og det blei mange nye etternamn, og mange nye ruter å klatra, og det kom folk som ikkje var frå Voss og ikkje ein gong frå Førde heller, men alle klatra, i fargerike klede.

Då sa folk at nå brenn det i Nåli.

Det var meir som ei ny tid.

Denne sida vart sist endra 17. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.com | startsida