Fritt fram og hurra

Ivar Vatne i samtale med Vegar Utne

Ikkje Vegar Utne - © Ivar Wathne 1997Ein lyt venta. Ein er budd på å venta. Ein har ofte måtta venta, gjerne på kaféar, og ikkje sjeldan har det ein venta på ikkje vore - nå, det kan vera det same. For å seia det kort, ein har alt drukke fleire koppar kaffi før Vatne behagar å dukka opp, eller snarare visa seg, utstudert sjaskete i tøyet som han er skrid han med beherska mishag fram gjennom alt det trekvite og rutete, ei heil stund let han ikkje til å sjå ein før han til sist styrer mot det enkle bordet ein har tilkjempa seg ved vindauget. Han vil vel ha kaffi? meiner ein, og ei bolle? Men nei då, Vatne skal ha te!

Diett, Vatne?

Han ler, kort, med berre eitt hah!

Det trengst, meiner du?

Kort tagnad.

Ei serveringsdame kretsar formelt omkring i lokalet.

Ein finn fram blyanten, han er ikkje kvessa, ein legg han vekk og går rett på sak.

Han er ikkje heilt med i utviklinga, høyrer ein?

Vatne teier.

Han er i mot utviklinga, har ein høyrt. Overorganiseringa. Trugsmåla mot miljøet. Kommersialiseringa. Ut i frå eit ikkje antropo-, men biosentrisk verdisyn, då, går ein ut i frå?

Vatne ser berre mildt foruretta ut.

Tøv. Eg ville aldri bruka slike bombastiske ord.

Men det er nettopp det han har gjort! Det er eit ordrett sitat!

Ikkje tale om. Kvar står det?

Det står her, her vi er nå, på denne heimesida, som han sjølv har laga!

Vatne søkk litt saman, han verkar med eitt litt matt, nestan utydeleg.

Eit kjølvatn teiknar ei klar, mørk linje over fjorden, båten tykjest sveva i skodderestane. Det dukker opp blått i alt det gråe. Ei strime sol kjem og går.

Vatne retter seg opp, litt etter litt, snart er han heilt synleg att.

Nei, nei, nei, seier han. Eg med. Eg er med på det meste.

Berre det ikkje er pengar i det?

Morosamt sagt. Men sant. Sport skal vera fritid. Dugnad. Eit resultat av overskot, og då snakkar me overskot, frå eigentleg, ærleg arbeid.

Akkurat, Vatne. Akkurat. Han vil vel ha attende amatørparagrafane også? Det er bra. Eg er einig. Men då lyt ein spørja.

Om kva?

Denne tilrettelegginga, som han tydelegvis er i mot, kvifor då denne føraren? Klatreføraren. Er ikkje det nettopp ei tilrettelegging?

Vatne skrur augebryna mot taket.

Å ja? Du har då sjølv vore svært så positiv, du, til førarar. Du har til og snakka om ein ny standard for førarar, har ein høyrt -

Men det er ikkje det han vil, er det vel?

Det er stille i lokalet. Ingen kjem, ingen går. Ein bøyer seg fram over bordet og talar lågt, men tydeleg.

Nei han vil ikkje det! Kva glede har han ikkje hatt, han som samlar på trykksaker som knapt kan kalles utkast til førarar - kor mykje tid har han ikkje brukt på å saumfara fotokopierte skriblerier med hjelpelause teikningar av fjell som ligner potetsekker, lause papirfiller som - ja. Gå heim i hyllemetrane sine med seg og sjå! Timar og kveldar og netter har han brukt, til å meska seg med dette fullkomment usystematiske og totalt misvisande materialet, frå alle kantar av verda, også med ruter han aldri kjem til å klatra, på stader han ikkje tenker på å reisa til. Med glede! Fordi han har måtta gjetta seg til det meste og finna ut av resten sjølv!

Det let til å klarna opp, der ute.

Ein standard? Eit system? Med nemnder og systemansvarlege, då? Kven skal så det vera? Nei! Han vil ha rom for det meste. Han vil ha fritt fram og hurra! Det får vera så samanraska og uferdig som det vil. Ingen skal sitta rundt på berghyllene sine og ikkje koma fram med noko, berre fordi det ikkje er ferdig, ikke fylgjer standarden. Standarden? Hah, pfføy! Han vil spre fruktbar forvirring, vil han! Godt! Slik skal det vere!

Det svarest ikke. Det er i orden. Ein drikk kaffi, ein har god tid, ein forventer ikkje svar.

Det dryp av takskjegget, på andre sida av fjorden kjem glimt av snø i flekkar av skifergrått til syne, høgt der oppe.

Vatne snuser ut i lufta, det vert stadig ljosare. Han ser opprømd ut, nestan glad.

Du har vel rett, seier han.

Han veiver med hendene, som for å slå vekk fluer, men det er bare musepeikaren.

Sjølvsagt har du rett, Utne. Eg er så aldeles heilt enig med deg, og det har eg vore heile tida, ikkje sant?

Han bøyer seg heilt fram over bordet og kikker litt til begge kantar før han kviskrar.

Det er jo tross alt eg som har dikta deg opp, då.

Det ser verkeleg ut til å klarna opp over fjorden.

Ja, det er vel det, kviskrar ein tilbake.

Denne sida vart sist endra 14. september 2010 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.com | startsida