Ein merknad til namnet Nåli: Folk med interesse for etymologi veit å fortelja at Nåli kjem av Nådelii, ei li ein berre fann av nåde. Me finn namnet mange andre stader, mellom anna ved Stalheim, også her dreier det seg om ei lite tilgjengeleg li. Lia vår finn me over Stigen, ved fossen i aust. Den utsprengde trappa i berget under Stigen høyrer til den gamle postvegen til Geilane, og over Bjørgo til Brunborg og Evanger. Den siste vart nytta i periodane isen på Evangervatnet var usikker. Han fell saman med ein av dei gamle kongevegane, og trappa er freda. Det finnst ennå folk som veit mykje meir om dette. Folk som bur her nyttar namnet Nåli om heile berget. Vossingane som starta boring og klatring her tidlig i nittiåra har alltid omtala heile veggen som Nåli. I seinare tid har somme fått det for seg at det er formasjonen vossaklatrarane ga namnet Pillaren som er Nåli. Dei om det. Dei fastbuande har ikkje noka namn på denne formasjonen. Dei ser ikkje noka formasjon. Dei ser berre at det er bratt, nett som i resten av veggen. Slik er det med den saken. Me seier ikje meir. Nåli er Nåli, og Pillaren er Pillaren. ivar@ivarvatne.com
|