Ein merknad: Denne soga er berre sann dersom ho ikkje vert forveksla med røynda. Slik er det med all soge. Tore Gjelsvik og brørne Arnfinn, Ivar og Lars Gjerdåker var mellom stiftarane til Voss Klatreklubb, dei kom alle til Voss frå Førde, der dei fleste av dei alt hadde klatra. Mellom dei andre stiftarane var Jarl Atterås, og endå fleire? Kanskje? Ikkje så mange? Nokon må då hugsa dette! Høyrer de? Tore Gjelsvik var i alle høve sjølvskriven formann i VKK heilt til han flytta attende til Førde i 1996, han går ennå under namnet Formannen mellom dei som kjenner han frå perioden i VKK. Dette betyr mellom anna at seinare formenn ikkje var formenn, men leiarar. ivar@ivarvatne.com
|