VOSS TAIJIQUAN LAG / YIQUAN VOSSÅRSMELDINGA 2023OrganiseringVoss Taijiquan Lag er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Norges Kampsportforbund. Årsmøtet 2023 valde dette styret:
Styret peikar ut valnemnd. Instruktør, lærar og treningsleiararIvar Vatne er laget sin instruktør. Kiss Gjersvik og Astri Remme har ansvaret for treningsleiinga i instruktøren sitt fråvere. Treninga er i hovudsak basert på Ole Eskildsen si undervisning på Voss i perioden 2007-2019. Trening og oppslutnadGreinene me trener er I Chuan, Chi Kung og Tai Chi, med ei rekke basis- og tilleggsøvingar. I 2023 trente den faste gruppa i festsalen på gymnaset som før, i juni var me for det meste ute. I juli tok me pause i treninga, men me starta opp att siste dagen i den månaden. Oppslutnaden om treningane har heile tida vore jamn og god. ØkonomiI 2023 vart det betalt kr 500 i medlemsavgift. Me viser elles til rekneskapet for 2023. Informasjon og meldingarTreningstider og anna informasjon finn ein på laget si webside, innkallingar og påminningar vert send ut i meldingar til dei aktive. FramtidsutsikterLaget har som mål å oppretthalda dette treningstilbodet på Voss. Den faste gruppa har utvikla treninga si gjennom meir enn fjortan år, og dei aktive har fulgt læraren og nå instruktøren sin progresjon i treninga gjennom alle desse åra. Me er eit lite, men engasjert lag, der alle medlemmene tek ansvar for at me skal kunna halda fram. |